"Sjå framfor deg ein stor flate. Overalt ser du ruinar, mange ruinar. Nokon er heilt nedrast, og nokon er delvis nedrast. Og medan de ser utover rasar bygningar ned både her og der. Medan de er der ser de små grupper med lys. Først ein stad, men etterkvart ser de grupper av lys stadig fleire stader i ruinane, med røyk etter og ha rast saman. Og det kjem til deg at lysa er små eldssøyler, for lysa er teikn på Den Heilage Ande. Det er to forhold her. Ruinane er menneska i verda som lever utan Gud. Ruinane er også menneske i menigheitene som er er kristne, men som treng vekkjast, fornyast og kveikjast opp til og verta levande tenarar for Herren. Lysa viser dei menneska som er audmjuke tenarar for Herren som står og ber, og som byggjer opp att husa (menneska) i dei samanraste ruinane. Og sjå, Gud har plassert der eit fyrtårn, ein vegvisar som viser veg for både menigheita og for folket som lever utan Gud. Guds Ord, Bibelen er vegvisaren. Gå saman og be, og bygg så opp att ruinane og gjenopprett kvar enkelt menneske. De skal rydda veg for vekkjinga eg vil senda til dykk, først ei vekkjing i menigheita, og så ei vekkjing blant folket. Og de kan med frimot gå ut i ruinane og be og byggja opp att. Som det står i Jakobs brev 5.15. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne."
Notert frå nokon som hadde eit syn på Tertnes bedehus i Åsane, su. 22. januar 2012. Kraften til og byggja opp att ruinane går gjennom bøn, der nokre levande kristne går saman for og be. Kraften er Den Heilage Ande som Gud gjev til dei som trur på Han.
mandag 23. januar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar