Var på møte i Åsane Gamle kyrkje i Bergen i kveld. Sangevangelistane Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes stod for nok eit velsigna godt møte.
Det var ei jente som er elev på Bibelskulen på Bildøy utanfor Bergen som hadde eit vitnemål. Det handla om spørsmålet "Er du klar?". Er du klar til og møta Jesus når du døyr eller når Jesus kjem att for og henta sin brud (flokken med menneske som trur på Jesus)? Så fortalde ho om ein gong ho køyrde fort gjennom tunnelen til Godøya ved Ålesund. Den gongen var ho ikkje kristen. Nede i den undersjøiske tunnelen hadde det hendt ei ulukke. Ein bil hadde køyrt inn i ein buss som fekk motorstopp, og føraren omkom. Ho som fortalde dette bråbremsa, men unngjekk samanstøyt. Litt etter kom far hennar og møtte henne i tunnelen. Ho brast i gråt, fordi ho visste at det kunne ha vore ho som hadde omkomme. Vel heime sa mor hennar at tida hennar ikkje var komen. Nokre månader seinare tok ho imot Jesus. Ho brukte si eiga oppleving i vitnemålet der spørsmålet "Er du klar?" stod sentralt.
Det er mange gonger eg har ransaka meg sjølv på dette området. Så ser eg så mykje synd og lunkenheit hjå meg sjølv at eg stundom nektar og tru at eg kan vera frelst. Det som verkeleg skjer er at eg kjem nærare Jesus i slike periodar, men når eg er midt oppe i min tvil ser eg ikkje det. Stundom forstår eg ikkje dette før lenge etterpå.
Trua på Jesus er vissheit om det me ikkje ser. Sjølv om me ikkje ser ser Jesus, så ser Jesus oss og saka vår. Eg veit ikkje kvifor, men i den seinare tid kjenner eg at eg har falle til ro med mi sjel. Sjølv om eg ikkje ser det sjølv, har eg merka at eg har vorte boren av Jesu hender den siste tida. Så er det typisk meg og tru at eg bedreg meg sjølv til og tru at alt er i orden med frelsa, for det har eg tenkt mange gonger. Og Jesus har kome til meg så eg får kvila i Jesu hender av berre nåde, og merkar kor befriande det er. Endå meir underleg for meg er det og sjå og oppleva at Jesus grip inn hjå fleire menneske den siste tida, og det fortel meg om Jesu grenselause storheit.
Er du klar? Jesus skal ha takk for at eg kan svara JA! Det er av Jesu nåde alt saman.
lørdag 14. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar