-Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?
-Han (Hans tenar) rann som ein kvist for hans augo, som ein renning or turre jorda; han hadde ingne skapnad eller herlegdom; me såg ikkje hugnadleg ut.
-Vanvyrd var han, so folk heldt seg unna, ein mann i pinsler og velkjend med sjukdom (liding); han var som ein som ingen ville sjå på, vanvyrd, og me rekna han for inkje.
-Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinsler var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.
-Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffa låg på han, so me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom.
-Alle for me vilt som sauer, me vende oss kvar sin veg; men herren let ramma han det som me hadde skuld i alle.
-Skamfaren vart han, endå han var nedbøygd, og han let ikkje opp sin munn, som lammet dei fører til slakting, og sauen som teier når han vert klipt; han let ikkje opp sin munn.
-Med vald og dom vart han teken bort; men kven i hans samtid tenkte vel då han vart utrudd or levandelandet, at det var for mitt folks brot han vart heimsøkt.
-Mellom ugudlege gav dei han grav, men hjå ein rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.
-Men det tektest Herren og krasa (knusa) han, han slo han med sjukdom; når hans sjel bar fram skuldofferet, skulle han sjå avkjøme og leva lenge, og Herrens vilje skulle ha framgang ved han.
-For si sjele-møda skal han sjå det (at Herrens vilje har framgang ved han) og mettast; når dei kjenner han, skal min rettvise tenar gje rettferd til mange, og deira misgjerningar skal han bera.
-Difor vil eg gje han mange til lut (del), og sterke skal han få til herfang, fordi han tømde si sjel (i og med blodet sitt) til dauden og vart rekna mellom brotsmenn, medan han bar synda åt mange, og han bad for brotsmenn.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Jesaja fekk sjå framover til tida då Jesus skulle sona syndene våre. Akkurat slik gjekk det i den påska Jesus vart krossfesta. Jesus bana så vegen for oss menneske, og dei som trur på Han skal ikkje gå fortapt, men ha evig liv.
lørdag 14. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar