torsdag 19. mars 2009

Evigheita - Guds godheit eller Guds vreide - valet er ditt.

Den som skal verta frelst og koma til himmelen må omvenda seg. Når ein omvender seg forlet ein også eit liv i synd. Fører ikkje omvendinga til at ein forlet eit liv i synd, er ein ikkje omvendt, og må møta Guds straffedom ved tida si slutt, og deretter under Guds vreide, dvs. i ein eldsjø der folk gret og skjer tenner. Det er skilnad på og falla i synd og å leva i synd. Alle fell i synd, også alle som er omvendt og frelst av Gud. Dei som lever i synd er anten ikkje omvendte eller fråfalne. Lever ein i synd utan og omvenda seg mens det endå er tid, hamnar ein i helvetet. Gud syt for at alle menneske hamnar der dei skal i evigheita, og ser kun etter kven som står oppskriven i Livets Bok. Så lenge ein lever i synd og ikkje omvender seg til Gud, står ein heller ikkje i Livets Bok.

Alle som ikkje vender til Gud om MÅ VENTA til dommens dag før dei forstår den rette sanninga. Det er ingen menneskerett og koma til himmelen for alle menneske. Der kjem kun dei som vender om til Gud og trur på han. Mennesket sine grusomheiter er for ingenting og rekna mot Guds vreide. Tross Guds vreide er Gud ikkje vond, fordi Gud gav sin son Jesus til soning for våre synder, slik at menneska kan velja og unnsleppa Guds vreide ved og omvenda seg til Gud og tru på Han medan dei lever. Og dei som vel og vraka Jesus kan ikkje unnsleppa Guds vreide. Dei kan ikkje i all evigheit koma attende til Gud på nytt, for og oppleva himmelriket. Dette tek altså dei fleste menneske sjansen på, fordi dei ikkje vil ha noko med Gud og gjera.

Gud skapte verda for og ordna i stand eit samfunn til seg. I det samfunnet, som oftast vert kalla for himmelen, skal dei vera dei som trur på Gud og følgjer Han. Ingen andre skal vera der, og alle andre vert overlaten til Guds vreide. Medan folk lever på jorda får alle som har høyrt om Gud valet til og omvenda seg til Gud eller til og la vera. Dei aller fleste let vera og omvenda seg til Gud, fordi dei vil leva i fred med sine synder og ta avstand frå Gud. Det handlar om alt frå det som mennesket synest er dårlege folk til dei menneskeleg edlaste og rettskafne folk. Alle er dei like for Gud, så lenge dei ikkje står oppskriven i Livets Bok, og då ventar same skjebne. Så fann syndefallet stad allereie frå dei 2 første skapte menneska på jorda, Adam og Eva. Dermed var synda eit faktum. For og få istand eit samfunn, måtte synden som kom i vegen mellom menneska og Gud sonast og takast bort. Det gjorde Gud ved og senda son sin, Jesus, til soning for syndene for alle som trur på Gud. Hadde ikkje Gud gjort dette, og sendt Jesus til soning for menneska sine synder, hadde Livets Bok vore heilt tom på dommedag. Då hadde alle menneske vorte råka av Guds vreide.

Medan folk diskuterer ueinigheiter seg i mellom, skjer det viktigare ting andre stader. For tida er det ei god vekkjingsånd i mitt nærområde, der eg får vera vitne til at menneske vender om til Gud i møtene som eg er vanleg tilhøyrar på. Indremisjonsforbundet har møter i Åsane, med songevangelistane Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes. Satan gjer alt han kan for og hindra folk i og venda om til Gud, men no tapar Satan stadig fleire sjeler til Gud. Sjølv har Satan sin skjebne i vente. Om Satan står for all verdleg vondskap, kan ikkje Satans vondskap måla seg mot Guds vreide. Saman med alle menneske som ikkje står i Livets Bok, skal også Satan og alle Satans englar og vonde ånder verta ramma ev den evigvarande Guds vreide, som Satans vondskap fullstendig vil bleikna for. Så gleder eg meg saman med dei som omvender seg til Gud, og går saman med omvendte vidare på mi ferd mot Guds himmel, og vonar at eg står løpet ut til min siste dag slik at eg får koma til Gud.

Når ein omvender seg til Gud vert syndene tilgjevne. I ly av Jesus stadfortredande død for syndene har dei funne nåde hjå Gud. Difor kan dei som er og vert omvendt koma til himmelen.

Joh. Op. 20. 11-15.

Og jeg så en stor, hvit trone og ham som satt på den. Jord og himmel flyktet bort fra hans ansikt og var ikke lenger til. Og jeg så de døde, både store og små: De sto foran tronen, og bøker ble åpnet. Så ble en annen bok åpnet, livets bok. Og de døde ble dømt etter det som sto skrevet i bøkene, etter sine gjerninger. Havet ga fra seg de døde som var der, og døden og dødsriket ga fra seg de døde som var i dem, og enhver ble dømt etter sine gjerninger. Så ble døden og dødsriket kastet i ildsjøen. Og ildsjøen, det er den annen død. Og om noen ikke var skrevet inn i livets bok, ble han kastet i ildsjøen.

Joh. Op. 21. 1-8.

Og jeg så en ny himmel og en ny jord, for den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer. Og jeg så den hellige by, det nye Jerusalem, stige ned fra himmelen, fra Gud, gjort i stand og pyntet som en brud for sin brudgom. Fra tronen hørte jeg en høy røst som sa:
"Se, Guds bolig er hos menneskene.
Han skal bo hos dem,
og de skal være hans folk,
og Gud selv skal være hos dem.
Han skal være deres Gud.

Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne,
og døden skal ikke være mer,
heller ikke sorg eller skrik eller smerte.
For det som en gang var, er borte."

Han som sitter på tronen, sa: "Se, jeg gjør alle ting nye." Og han la til: "Skriv det ned, for dette er troverdige og sanne ord." Så sa han til meg: "Det er skjedd! Jeg er Alfa og Omega, begynnelsen og enden. Jeg vil gi den tørste å drikke av kilden med livets vann uten betaling. Den som seirer, skal få dette i arv, og jeg skal være hans Gud, og han skal være min sønn. Men de feige, de vantro og vanhellige, de som myrder, driver med hor og trolldom, avgudsdyrkere og alle løgnere, deres plass skal være i sjøen som brenner med ild og svovel. Det er den annen død."

Kva den enkelte vil fylla evigheita si med kan dei avgjera sjølv medan dei lever. Sidan er det om ein står oppskriven i Livets Bok eller ikkje, som avgjer kvar den enkelte skal vera i evigheita.
Valet er ditt i dag!

1 kommentar: