-Til songmeistaren; ein song til lærdom, av Korahs born.
-Som ein hjort styn etter rennande bekker, so styn mi sjel etter deg, min Gud!
-Mi sjel tyrster etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg koma og te meg for Guds åsyn?
-Mine tårer er min mat dag og natt, av di dei all dagen seier til meg: Kvar er din Gud?
-Dette lyt eg koma i hug og tøma ut mi sjel i meg; korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med dei til Guds hus med fagnadsrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
-Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og bruser i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han for frelsa frå hans åsyn.
-Min Gud" Mi sjel er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgdene, frå det vesle fjellet. (Det vesle fjellet = landet austanfor Jordan).
-Vassflod ropar til vassflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og bårer slær over meg.
-Om dagen sender Herren si miskunn, og om natta er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
-Eg lyt seia til Gud, mitt berg: Kvi har du gløymt meg? Kvi skal eg ganga syrgjekledd under fiendetrykk?
-Det er som mine bein vart knasa, når mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen seier til meg: Kvar er din Gud?
-Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han, mi åsyns frelsa og min Gud.
---------------------------------
http://www.youtube.com/watch?v=UZv3jzOTE70&feature=channel_page .
As the deer panteth for the water, so my soul longeth after Thee.
You alone are my heart's desire and I long to worship Thee.
You alone are my Strength, my Shield. To You alone may my spirit yield.
You alone are my heart's desire and I long to worship Thee.
tirsdag 10. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar