søndag 9. januar 2011

Oppgjeret si time, men Herrens tenarar kan gleda seg.

Ikke noe våpen som er smidd mot deg, skal lykkes, og hver tunge som reiser seg mot deg i dommen, skal du gjendrive. Dette er arven til Herrens tjenere, og deres rettferdighet er fra Meg, sier Herren. Jes.54.17. (Frå ein bokmålsversjon).

Det står først noko alvorleg i det verset. Det står noko om at den dagen Gud held dom, så vil folk ta til motmæle. Kvifor gjer dei det? Det er fordi dei ikkje vil la seg diktera og snakkast til av Skapningens Herre som dei nekta og tru på. Andre gjekk i gjennom livet, og hata Gud av heile sitt hjarte. Dei tålte ikkje Guds nærvær på jorda som kunne ha innverknad på deira liv. Så har me alle dei som gjorde så godt dei kunne, kanskje til og med i Guds namn. På dommens dag står dei framfor Herren og viser til at dei dreiv ut vonde ånder i Herrens namn, forkynte Guds Ord og levde så rettskaffent dei kunne. Gud såg då dei levde at dei vende sitt hjarte langt bort frå Herren, og dei har anten aldri trudd på Jesus og vedkjent sine synder eller har bevisst eller ubevisst forlate trua på Jesus. Men på Dommens dag hjelper det ingenting og sei noko som helst til Gud om kor urettferdig Han er. Gud har sett til hjartene, og har sett etter at dei ikkje står i Livets Bok, og då gjendriv Gud alle tunger som reiser seg mot Han i dommen. Tenk det! Og då er ein redningslaust fortapt. Så alvorleg er dette ordet, og eg lot tankane få med meg denne teksten også. Det er ikkje for ingenting at Det er viktig og venda om til Herren i trua på Jesus, og få vedkjent sine synder, medan ein endå lever på jorda og har høvet til og verta frelst, og då er det viktig at nokon forkynner og at alle som trur er Jesu vitne.

Så skal ikkje Gud dømma alle til evig tid under Guds vreide. Gud har også Livets Bok, og i den står det kven som skal ha evig liv i samfunn med Herren. Og det er då dei gode orda kjem. Ver klar over at dei som Gud gjev evig liv spør Gud om når dei såg Jesus svolten og gav Han mat, når dei såg Jesus naken og gav Han klede, osv. Så seier Gud at det som dei har gjort mot Hans minste små, har dei gjort mot Han. Matt. 25.31-40. For dei som står oppskriven i Livets Bok, har Jesus vore så stor for dei i livet, at deira eigne liv har vore for ingenting og rekna. Dei føler at dei står framfor Herren utan gjerningar og visa til, men Herren har også der sett inn til hjartene medan dei levde, og der fann Han sin eigen son, Jesus. Dette er dei som vende om til Herren, og som trudde på Jesus som sona for alle deira synder. Dei har funne og fått nåde av Herren. Dei har dermed ingen gjerningar og visa til som kan gje dei evig liv, men dei har Jesus, og det var alt dei trong for og verta oppskrivne i Livets Bok. Og på Dommens dag vert dei bedne inn til det evige livet i samfunn med Herren, Han som dei elska i sine hjarte medan dei levde på jorda, og det utan gjerningar for frelsa som dei kunne visa til. For dei gjorde Jesus ALT. Så omtalar Gud dei likevel som Herrens tenarar. Kvifor det? Sjølv om dei ikkje er klar over det har Gud sett at dei var mot Guds minste små som dei var mot Jesus som banka på hjartedøra og ville inn. Dei tok seg av både dei minste små og av Jesus. Dermed fekk Jesus berga sjeler. Og ein er ikkje kun Herrens tenarar og vitner gjennom orda som dei talte, men endå meir gjennom liva som dei levde, fordi Den Heilage Ande fekk verka gjennom dei. Og me som står oppskrivne i Livets Bok er kun menneske, og me var så opptekne av og glad i Jesus at me ikkje såg gjerningane dei gjorde som Herrens tenarar. Dei veit ikkje eingong at dei tente Herren, fordi då var så små i seg sjølv, men dei hadde ein stor Jesus medan dei levde, og no er Jesus ALT for dei. Difor kan Gud omtala dei som Herrens tenarar på Dommens dag, og seier som det står i verset: "Dette er arven til Herrens tjenere, og deres rettferdighet er fra Meg, sier Herren." Deira rettferd er frå Meg, seier Gud. Den rettferda fekk dei fordi dei trudde på Jesus, og ei rettferd dei aldri kunne ha fått om dei baserte på sine gjerningar. Ingen menneske kan byggja på si eiga frelse, for den kan kun gjevast for ingenting av berre nåde gjennom trua på Jesus. Og Gud sa ikkje berre det. Han seier også at dette er arven til Herrens tenarar. Kva er arven for noko? Arven er intet mindre enn Guds rike, og eit evig liv der i samfunn med Herren. Og ein stor hærskare som har fått sine klede tvetta i Lammet sitt blod, prisar Herren for det Han har gjort. Halleluja!