tirsdag 24. januar 2012

Kan vår kjærlege Gud vera nidkjær? Her har kristne mykje og læra.

Denne veka byrja med nyhende om ein føredragshaldar som trakk fram paralellar mellom Norge sitt praktiske forhold til Israel og dramatiske hendingar i Norge, gjort i eit lokallagsmøte for KrF i Sarpsborg. Han nemnte om den gongen Norge nekta og selja olje til Israel - og nokre månader etter skjedde Alexander Kielland-ulukka på norsk sokkel med 123 omkomne. Og Norge har gjennom dei seinare åra vorte stadig meir fiendtlege til Israel og gjenspeila det gjennom praktisk politikk, uttalingar og haldningar - og den 22. juli 2011 skjedde massakren på Utøya der mange ungdommar vart meiningslaust drept, samt at bomba i Oslo tok fleire liv. Desse tinga kunne vera uttrykk for Guds vreide, men fordi ingen verkeleg veit at det er tilfelle kunne dei tinga gjerne ikkje ha vore nemnt av føredragshaldaren, men temaet er viktig. Me skal vera klar over det er ikkje alt vondt i verda som er Guds vreide. I vår syndige verd er satan denne verda si fyrste. Satan klarar utmerka godt og skapa mykje djevelskap verda over, og han som stod for bomba og massakren klarte dette godt med hjelp av satan si leiing åleine. Gud trong ikkje gjera noko som helst for at dette skulle skje. Derimot ser me at Gud ikkje hindra at dette skjedde. Det som ikkje er rett er og konstatera at det som skjedde på Utøya ER ein konkret reaksjon mot Norge sitt forhold til Israel, for det er det ikkje belegg for i Bibelen. Det er noko menneske ikkje kan vita, og kun Gud veit om det. Akkurat og slå fast at det ER slik at Utøya-tragedien og Aleksander Kielland-katastrofen ER Guds straffedom mot Norge er ikkje rett. Når det er sagt er temaet om Guds straffedommar over ugudlege folk absolutt høgaktuelt, noko som ikkje kan teiast om. Det einaste uheldige med foredraget er akkurat at desse døma vart trekt fram, og kunne godt ha vore ugjort. Ugudlege folk pleiar og latterleggjera folk som nemner slikt, og vil fråtaka ytringsfridomen frå dei, men det er så feil som det kan få verta. Ytringsfridomen skal det ikkje setjast grenser for, heller ikkje for føredragshaldaren. Dette synest eg minnar om reaksjonen jødane utviste overfor Stefanus, og dei steina jo som kjent han til døde. Men Stefanus oppgav sin ande, og Gud tok han opp til sin herlegdom. Dermed vart steininga av han nyttelaus, fordi dei ikkje fekk stoppa Guds rike sin framgang med det, snarare tvert imot.

Verre er det når KrF-leiaren hiv seg på lasset med dei verdslege, og kallar det uakseptabelt. Føredraget skjedde i regi av eit lokallag av KrF, og det går mot at lokallagsleiaren der vert innkalla på teppet for og forklara seg, fordi lokallagsleiaren ikkje tok avstand frå det som føredragshaldaren sa. For kva, tenkjer eg. For og opna for at kristne kan få høyra alvoret i det og handla mot Guds Ord og Vilje. Det er jo det det vitterleg er. Er KrF-leiaren klar over kva konsekvensar det kan få, der han rett og slett står opp og stengjer Gud ute frå og koma med alvorsord til oss som er kristne. Heldigvis kan han ikkje knebla Gud, for Gud har all makt i himmel og på jord. Så vil tida visa kva inkvisisjonar KrF set i verk i kjølvatnet av foredraget, der ein Guds mann formidla ei alvorleg sak frå Gud. La oss be om at dei politisk korrekte blant dei kristne får eit revolusjonerande møte med Gud, med paralell til Jesu møte med Saulus (Paulus) som var på veg til Damaskus for og forfølgja dei kristne. KrF-leiaren kunne ha nøyd seg med og sei at akkurat samanlikningen mellom tragediane og Guds straffedom ikkje burde ha vore nemnt, fordi det ikkje er belegg i Bibelen for det. Utover det burde KrF-leiaren halda seg for god for vidare ytringar om reaksjonar, og heller konstatera at temaet er viktig og visa til at Bibelen har mange døme på dette, og oppfordra til og venda seg om til Gud og gjera bot så Han kan sjå i nåde til det norske folk.

Ja, men Gud er jo kjærleik. Det er sant, men det betyr ikkje at Han tillet at me menneske gjer som me vil, der me syndar så mykje me lystar og klarar, og lever i synd. Gud refsar og lutrar sine ulydige barn som trur på Han, og har all grunn til og gjera det. Viss ikkje fell me frå Gud alle som ein, fordi me gjer som me vil gjennom våre kjøtlege lyster. Og dei ugudlege let Gud også merka alvoret i og ta avstand frå Gud, og dura på som dei vil i sine synder. Gud gjer dette for og ta vare på sine truande barn, samtog vekkja opp dei ugudlege til omvending frå sine syndige vegar til eit liv i trua på Jesus. Men som me såg av reaksjonen på nyheita om det som føredragshaldaren hadde sagt, at dei ugudlege berre hånar og latterleggjer, og endåtil vil knebla dei som seier slikt, og stempla dei som sinnsjuke. Dei ugudlege vil jo ikkje høyra slikt, må vita. Og den som les gjennom Det Gamle Testamentet finn mange døme på at Gud viser sin vreide mot dei som avviser og mottarbeidar Gud og dei som trur på Han. Saul hadde synda, og missta sitt kongedøme til David. Det gjekk hardt utover folkeslaga som budde i Kanaans land, den gongen Gud førte Josva med Israels-folket inn i landet som dei vart lova. Byane Sodoma og Gomorra vart lagt i grus, og folka med dei, men Lot slapp unna fordi han forlot byen då Gud drog han ut derifrå. Goliat og hans hær fall for David. Og det er mange fleire hendingar enn dette. Og det er endå hendingar som skal skje i endetida. Store hærar skal utslettast under både Gog-krigen og krigen på Harmageddon, berre for og nemna noko. Slik er det når Gud viser sin heilagdom overfor dei ugudlege.

Så vil eg ta med ein tekst som er skriven av ein kristen bror, som skildrar svært godt realitetene til Guds vreide, den same Gud som dei liberale teologane bevisst feilaktig omtalar som ein snill og raus julenisse utan refs av noko slag. Desse teologane vil bevisst ikkje forstå at Guds kjærleik er Jesus, Sonen som Gud sende til jorda for og leva eit heilagt syndefritt liv, for så og straffa Han på korset og la Han sona all verdas synder, og reisa Han opp frå dei døde og opp til seg i Himmelen, så kvar den som trur på Jesus kan verta frelst. Teksten er på bokmål, som han skriv: (Kun teke korrektur for bloggen).

"Det var noe slikt jeg også ville skrive om han som uttrykte seg på KrF-møtet i Sarpsborg, der KrF-leder Hareide, vil fremstå som veldig "normal" og politisk korrekt, så INGEN skal "mislike" KrF. Men jeg tror, at det er akkurat slik vi som Bibeltro kristne, IKKE skal gjøre. Han må gjerne gjøre jobben sin som KrF-leder, og si at i egenskap av partiet gjør en slik eller sånn. OK. Men som "kristen", kan ikke Hareide fortelle andre Bibeltro kristne, "hvilke koblinger" en har både rett og lov å TRO på om hva Gud gjør i denne verden, uten at han kan bruke sin parti-autoritet, og påberope seg å ha det eneste rette synet på Bibelen og Guds vilje. Har ikke Hareide lest i Det Gamle Testamente? Vet han ikke, at Israels mektige Gud både tukter og straffer og dømmer hele tiden, og at når dommen kommer i enden, så vil ikke verden tåle verken Guds vilje eller dom? Og vi ser jo hvordan Israel behandles i Norge, sammen med synet på Guds Ord i statskirken, som er helt forferdelig. Å jo - Gud straffer hele tiden, og griper inn i denne verden akkurat som Han vil. Det er nok verken sentralkommiteen i KrF eller Ap, som avgjør hva Gud kan, og IKKE kan gjøre. Hele GT vitner om Den levende og allmektige Gud, som viser at det er forferdelig å havne i Den Levende Guds hender, uten JESUS ved vår side (jfr. Hebreerne 10:31). Noen tror at "kristendommen" - bare er en slags kulturell hobby eller interesse som det er koselig å ha i kirken, hver jul og påske. Og de har hundrevis av moderne og intellektuelle teologer, som lærer bort et slikt Bibel-syn på universitetene og i høyskolene, til kommende statskirke-prester. Er det noe rart de ikke forstår det som står skrevet i Guds Ord, og tror at det er "sinnsykt" å tro på Bibelen som Guds Ord! Men akkurat som Jesus ble sett på som en "sinnsyk opprører" - som "krenket" både de jødiske fariseerne og det romerske politiske lederskapet, så blir vi som følger Ham - sett på samme måten (Jfr. Johannes 15:18-19). Gud vil aldri tåles i denne falne verden, som legger sine onde planer og tror de skal tjene penger og styre verden i all evighet. Når enden omsider kommer, og Gud skal holde dom, så vil de begynne å anklage Gud slik djevelen gjør, og si at de aldri visste bedre eller fikk en mulighet å snu om på sine onde veier. Men vi vet jo de lyver, nettopp fordi de kaller oss som tror på Guds Ord, som fanatikere eller mørkemenn og annet. Og slik vil det bli. For en merker jo, at også de som modig står fram med sannhet, også på det politiske og historiske plan og forteller sannheten om Israel og annet, - blir hatet i denne verden og utsatt for bakvaskelser og løgner fra de som ikke tåler sannheten. Selv i lille Norge, har vi mennesker som veldig godt kjenner gufset fra overvåkerne med makten. Men vi som tror på Gud, vet at disse overvåkerne ikke skal få holde på så lenge, men legger grunnen for sitt eget fall fordi deres gjerninger ikke tåler dagens lys. Alt skal bringes opp i lyset, sier Gud, og intet skal forbli gjemt i mørket, enten det nå er gjerninger som folk forsøker å skjule for Gud i hjertet sitt, eller det er skitne politiske gjerninger som de tror de skal slippe unna med. Så skynd dere å vende om, mens det fortsatt er nådetid, er budskapet til oss alle sammen. Den som forkaster Bibelens Gud, legger grunnlaget for sin egen undergang. Guds fred."

Dette er alvorlege ord, som ikkje minst dei kristne treng grunna på i sine hjarte. Det er endetid, så stå løpet ut så ingen tek frå deg sigerskruna di. Det står mykje på spel, så søk Gud så du tek vare på di sjel. Men Gud er trufast, og er med deg alle dagar inntil verdas ende, og deretter inn i evigheita. Når verda rasar rundtdeg, så tap ikkje målet av syne, for der ventar den himmelske saligheit. Og alt Gud gjer gjer Han for at Han vil berga menneske for Himmelen, og det gjeld også vreidehandlingane Han gjer, eller handlingar Han tillet at satan og dei ugudlege gjer på jorda.

"Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet! Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg."
Fil. 3.12-21.

Bloggen er oppdatert, og det er lagt inn ein link som høver til bloggnotatet.

http://pro-testant.blogspot.com/2012/02/medias-ansvar-for-ord.html . Linken verkar ikkje direkte, og må kopierast over i søkjefeltet/startfeltet.

mandag 23. januar 2012

Gud gjenopprettar sin menigheit gjennom bøn - ein profeti.

"Sjå framfor deg ein stor flate. Overalt ser du ruinar, mange ruinar. Nokon er heilt nedrast, og nokon er delvis nedrast. Og medan de ser utover rasar bygningar ned både her og der. Medan de er der ser de små grupper med lys. Først ein stad, men etterkvart ser de grupper av lys stadig fleire stader i ruinane, med røyk etter og ha rast saman. Og det kjem til deg at lysa er små eldssøyler, for lysa er teikn på Den Heilage Ande. Det er to forhold her. Ruinane er menneska i verda som lever utan Gud. Ruinane er også menneske i menigheitene som er er kristne, men som treng vekkjast, fornyast og kveikjast opp til og verta levande tenarar for Herren. Lysa viser dei menneska som er audmjuke tenarar for Herren som står og ber, og som byggjer opp att husa (menneska) i dei samanraste ruinane. Og sjå, Gud har plassert der eit fyrtårn, ein vegvisar som viser veg for både menigheita og for folket som lever utan Gud. Guds Ord, Bibelen er vegvisaren. Gå saman og be, og bygg så opp att ruinane og gjenopprett kvar enkelt menneske. De skal rydda veg for vekkjinga eg vil senda til dykk, først ei vekkjing i menigheita, og så ei vekkjing blant folket. Og de kan med frimot gå ut i ruinane og be og byggja opp att. Som det står i Jakobs brev 5.15. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne."

Notert frå nokon som hadde eit syn på Tertnes bedehus i Åsane, su. 22. januar 2012. Kraften til og byggja opp att ruinane går gjennom bøn, der nokre levande kristne går saman for og be. Kraften er Den Heilage Ande som Gud gjev til dei som trur på Han.

lørdag 7. januar 2012

Kjenner du Gud?

Notatet er frå eit møte på Tertnes bedehus i Åsane ved Bergen, 21. mars 2011. Talar var John Roger Nesje, forkynnar i Indremisjonsforbundet. Han baserte heile talen på ei lang rekkje skriftstader. Då kan me sjå kva han siterte, og tekstane høvde svært godt etter kvarandre.

Kjenner du Gud?

Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
Joh. 17.3.

For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med.
Rom. 1.19-20.

Då steig Paulus fram midt på Areopagos og sa: Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: «For ein ukjend Gud». Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.
Ap.gj. 17.22-25.

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. - Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
Joh. 1.1+14.

Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
1. Joh. 5.20.

Men de er mine vitne, seier Herren, og min tenar, som eg har valt ut, så de skal kjenna meg og tru på meg og skjøna at eg er Gud. Før meg var ingen gud til, og etter meg skal det ingen koma. Eg, ja eg er Herren, og utan meg finst det ingen frelsar. Det er eg som har kunngjort dette, eg har frelst og gjort det kjent; ingen framand gud har gjort det. De er mine vitne, seier Herren. Eg er Gud, og det er eg frå æve av. Ingen kan riva ut or mi hand. Det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.
Jes. 43.10-13.

Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei lova Gud og var godt lika av alt folket. Og Herren la dagleg til kyrkjelyden dei som lét seg frelsa.
Ap.gj.2.42-47.

For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.
1. Kor. 11.26.

Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Ef. 6.18.

Dei la vegen om Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ei synagoge, og Paulus gjekk dit, som han var van. Tre sabbatsdagar på rad tala han med dei ut frå skriftene. Han forklara og la ut for dei at Messias laut lida og stå opp frå dei døde, og sa: «Det er Jesus, han som eg forkynner, som er Messias.» - Jødane der hadde eit gjævare huglag enn dei i Tessalonika; dei tok imot Ordet med all godhug, og granska dagleg skriftene og såg etter om det hadde seg så.
Ap.gj. 17.1-3+11.

Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det ljosna. Då tok han ut.
Ap.gj. 20.11.

Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.
1. Joh. 3.16.

Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad.
Ef. 3.18-19.

Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna!
Ef. 4.20.

Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
Joh. 8.31-32.

Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans. Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han. Men den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda. Av dette veit vi at vi er i han. Den som seier at han er i han, må leva som Jesus levde.
1. Joh. 2.3-6.

Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.
Hebr. 10.26.

Dei seier om seg sjølve at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og duger ikkje til å gjera noko godt.
Titus 1.16.

Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og alt det skjøn som Anden gjev. Då kan de leva eit liv som er Herren verdig, og som i alt er til hugnad for han; og de skal bera frukt i all god gjerning og veksa i kjennskap til Gud. De skal styrkjast og få kraft, av den kraft som han i sin herlegdom eig, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede skal de takka Faderen, som gjorde dykk dugande til å få del i den arven dei heilage får i ljoset. For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.
Kol. 1.9-14.

Kan Jesus kjennast ved deg? Kjenner Jesus deg den dagen Han kjem att for og henta bruden sin, eller kjem de til og verta ståande utanfor porten og ropa og vil inn, - der Jesus svarar at Han ikkje kjenner dei? Dette må kvar enkelt søkja etter og vita medan dei endå lever.