søndag 7. februar 2010

Innlegget er eit notat frå eit møte med Gro Wenske i Valestrand bedehus på Osterøy. Ho arbeider i Sjømannskyrkja i Haifa i Israel og bur der. Ho representerer "For Bibelen og Israel", og gjev ut bladet "Israels røst."

Om Israel, og jødane sin rett til Israelslandet.


Det er ikkje noko som heiter "palestinsk jord". Alt jødefolket har bygd opp av busetjingar sidan staten vart gjenoppretta, har dei bygd på sin eigen Gud-gjevne grunn. At FN ikkje har forstått at Israel må ha eit samanhengjande land, og ein heil hovudstad, får stå for FN si rekning. Jødefolket byggjer på eigen grunn i Samaria og Judea. Når Gud ser at tida for det er inne, skal resten av jødefolket venda attende til Israel, og då skal det også byggjast i området mellom Jordanelva og Eufrat (for tida okkupert av Irak, Syria og Jordan). Gud ordnar dette sjølv, og det har ingen betydning for Han kva folka verda over meinar om det. Gud gjer som Han vil med sitt skaparverk, som menneska er ein del av.


25 Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min. 26 Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud.

Esekiel 28. 25-26.


31 Eg skal la landegrensene dine nå frå Sevsjøen til Filistarhavet, frå øydemarka til Eufrat. For dei som bur i landet, vil eg gje i hendene dykkar, og du skal driva dei ut. 32 Du må ikkje gjera pakt med dei og gudane deira. 33 Dei må ikkje verta buande i landet ditt, så dei får lokka deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, vert det til ei snare for deg.

2. Mos. 23.31-33.

(Sevsjøen er Raudehavet, Filistarhavet er Middelhavet, og elva Eufrat er i dagens Irak). Denne skriftstaden er ikkje noko som kun gjaldt i Moses og Josva si tid. Det gjeld den dag i dag, fordi Gud endrar seg ikkje. Med "Dei som bur i landet" handlar det i dag om dei som kallar seg for palestina-arabarar. Gud talar rett ut at "Dei må ikkje verta buande i landet ditt". Det betyr at jødefolket, som er Guds eigedomsfolk, rette borgarar av Israel, skal driva andre folkeslag ut av Israel. Dei har ikkje gjort det på alvor endå, men når tida er inne ordnar Gud opp så jødefolket kan bu trygt i landet sitt og rå grunnen over Israel åleine. Dei palestina-arabarane som er i Israel verken kan eller skal ha borgarrettar i Israel, men det media ikkje fortel noko om er at palestina-arabarane faktisk har det godt i Israel, så lenge det er jødefolket som har hand om landet sitt. Media lyg om at palestina-arabarane har det så og så fælt under jødefolket sitt styre, men sanninga er at dei faktisk fryktar for at jødefolket trekkjer seg ut av det som er kalt for dei palestinske sjølvstyreområda. Etter langvarig press har jødefolket inntil vidare innstilt vidare byggjing i Judea og Samaria. Dermed har ikkje palestina-arabarane noko jobb og gå til, og dei vert utan inntekt. Boikotten av israelske varer verkar på same måten. Det er takka vera at jødefolket har hatt styringa over Judea og Samaria, at palestina-arabarane har opplevd velstandsauke. Dette vert teke i frå dei også, når verdssamfunnet legg press på jødefolket. Men det kjem altså ein dag då Guds Ord om at andre folkeslag må drivast ut av Israels-landet må oppfyllast.


6 Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.

2. Krøn. 6.6.

Gud har valdt ut Jerusalem som sin bustad i landet sitt. Så krev muslimane at Jerusalem er deira, fordi dei betraktar staden som ein svært heilag stad for dei. Dette er faktisk nytt, for dette gjorde dei ikkje før staten Israel vart gjenoppretta i 1948. Gud held si vernande hand over Jerusalem, der Han har sin bustad, og inga makt i verda får nokon gong høve til og dela Jerusalem i noko framtid. Muslimane og palestina-arabarane krev jo heile Jerusalem, og heile Israel, og dei har jo bestemmelsar som seier at jødefolket skal kastast i havet. Takka vera at Gud held si vernande hand over jødefolket, sitt eigedomsfolk, får verken dei eller noko makt i verda til og fullbyrda og kasta jødefolket ut. Dessutan skal Herrens tempel i Jerusalem byggjast opp att. Då har ingen andre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar