søndag 7. februar 2010

Jødefolket, Guds eigedomsfolk sin rett til Israelslandet.

Innlegget er eit notat frå eit møte med Gro Wenske i Valestrand bedehus på Osterøy. Ho arbeider i Sjømannskyrkja i Haifa i Israel og bur der. Ho representerer "For Bibelen og Israel", og gjev ut bladet "Israels røst."

Om Israel, og jødane sin rett til Israelslandet.

Det er ikkje noko som heiter "palestinsk jord". Alt jødefolket har bygd opp av busetjingar sidan staten vart gjenoppretta, har dei bygd på sin eigen Gud-gjevne grunn. At FN ikkje har forstått at Israel må ha eit samanhengjande land, og ein heil hovudstad, får stå for FN si rekning. Jødefolket byggjer på eigen grunn i Samaria og Judea. Når Gud ser at tida for det er inne, skal resten av jødefolket venda attende til Israel, og då skal det også byggjast i området mellom Jordanelva og Eufrat (for tida okkupert av Irak, Syria og Jordan). Gud ordnar dette sjølv, og det har ingen betydning for Han kva folka verda over meinar om det. Gud gjer som Han vil med sitt skaparverk, som menneska er ein del av.

25 Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min. 26 Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud. Esekiel 28. 25-26.

31 Eg skal la landegrensene dine nå frå Sevsjøen til Filistarhavet, frå øydemarka til Eufrat. For dei som bur i landet, vil eg gje i hendene dykkar, og du skal driva dei ut. 32 Du må ikkje gjera pakt med dei og gudane deira. 33 Dei må ikkje verta buande i landet ditt, så dei får lokka deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, vert det til ei snare for deg.
2. Mos. 23.31-33.
(Sevsjøen er Raudehavet, Filistarhavet er Middelhavet, og elva Eufrat er i dagens Irak). Denne skriftstaden er ikkje noko som kun gjaldt i Moses og Josva si tid. Det gjeld den dag i dag, fordi Gud endrar seg ikkje. Med "Dei som bur i landet" handlar det i dag om dei som kallar seg for palestina-arabarar. Gud talar rett ut at "Dei må ikkje verta buande i landet ditt". Det betyr at jødefolket, som er Guds eigedomsfolk, rette borgarar av Israel, skal driva andre folkeslag ut av Israel. Dei har ikkje gjort det på alvor endå, men når tida er inne ordnar Gud opp så jødefolket kan bu trygt i landet sitt og rå grunnen over Israel åleine. Dei palestina-arabarane som er i Israel verken kan eller skal ha borgarrettar i Israel, men det media ikkje fortel noko om er at palestina-arabarane faktisk har det godt i Israel, så lenge det er jødefolket som har hand om landet sitt. Media lyg om at palestina-arabarane har det så og så fælt under jødefolket sitt styre, men sanninga er at dei faktisk fryktar for at jødefolket trekkjer seg ut av det som er kalt for dei palestinske sjølvstyreområda. Etter langvarig press har jødefolket inntil vidare innstilt vidare byggjing i Judea og Samaria. Dermed har ikkje palestina-arabarane noko jobb og gå til, og dei vert utan inntekt. Boikotten av israelske varer verkar på same måten. Det er takka vera at jødefolket har hatt styringa over Judea og Samaria, at palestina-arabarane har opplevd velstandsauke. Dette vert teke i frå dei også, når verdssamfunnet legg press på jødefolket. Men det kjem altså ein dag då Guds Ord om at andre folkeslag må drivast ut av Israels-landet må oppfyllast.

6 Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.
2. Krøn. 6.6.
Gud har valdt ut Jerusalem som sin bustad i landet sitt. Så krev muslimane at Jerusalem er deira, fordi dei betraktar staden som ein svært heilag stad for dei. Dette er faktisk nytt, for dette gjorde dei ikkje før staten Israel vart gjenoppretta i 1948. Gud held si vernande hand over Jerusalem, der Han har sin bustad, og inga makt i verda får nokon gong høve til og dela Jerusalem i noko framtid. Muslimane og palestina-arabarane krev jo heile Jerusalem, og heile Israel, og dei har jo bestemmelsar som seier at jødefolket skal kastast i havet. Takka vera at Gud held si vernande hand over jødefolket, sitt eigedomsfolk, får verken dei eller noko makt i verda til og fullbyrda og kasta jødefolket ut. Dessutan skal Herrens tempel i Jerusalem byggjast opp att. Då har ingen andre religiøse heilagdommar noko der og gjera. Gud fjernar desse tinga når tida er inne.

5 Gjev alle som hatar Sion, må dra seg tilbake med skam!
Salme 129.5.
Det kjem til og straffa seg og hata Israel og jødefolket.

4 For Herren har valt ut Jakob, gjort Israel til sin eigedom.
Salme 135.4.
Israel er Guds eigedom. Inga makt i verda har noko med og hindra dette.

12 Han gav deira land til odel og eige for Israel, sitt folk.
Salme 135.12.
Gud gav Israel til sitt folk, jødefolket. Gud gav med andre ord ikkje Israel til palestina-arabarane og muslimane.

21 Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men Herren er eit vern for sitt folk, ei borg for Israels søner. 22 Då skal de sanna at eg er Herren dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ein heilag stad, der skal framande aldri meir koma inn.
Joel 3.21-22.
Det vert ikkje berre slik at alle framandfolk skal ut av Israel. Dei skal til og med aldri meir koma inn. Dette gjeld palestina-arabarane også.

32 Det skal aldri henda, det som leikar i hugen dykkar, når de seier: «Vi vil vera som andre folk, som ættene rundt ikring i landa, og dyrka stokk og stein.» 33 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil rå over dykk med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. 34 Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. 35 Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet. 36 Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud. 37 Eg lèt dykk gå framom under hyrdingstaven og fører dykk inn i ei bindande pakt. 38 Eg skil ut frå dykk dei som er ulydige og reiser seg mot meg. Eg fører dei bort frå det framande landet der dei held til; men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de sanna at eg er Herren. 39 Men de, israelittar, så seier Herren Gud: Kvar av dykk kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de sanneleg høyra på meg og aldri meir vanæra mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar. 40 For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, seier Herren Gud, skal heile Israels-ætta tena meg, alle som er i landet. Der skal eg visa dei godvilje. Eg vil spørja etter offergåvene dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram, alt det de vier til Herren. 41 For den gode offerangen skuld vil eg syna dykk godvilje når eg fører dykk bort frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde, og midt imellom dykk, for augo på dei andre folka, viser kor heilag eg er. 42 De skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar. 43 Der skal de minnast åtferda dykkar, alt de gjorde dykk ureine med. Og de skal kjenna avsky for dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt. 44 De skal sanna at eg er Herren, når eg for mitt namn skuld handlar så med dykk og ikkje som de hadde fortent, Israels ætt, etter dykkar vonde ferd og skamlause gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.
Esek. 20.32-44.
Jødefolket har vore i gjennom tida der dei vart spreidde over heile verda. Dette skjedde fordi jødefolket var ulydige imot Gud. For tida vender Herren jødefolket attende til Israel, landet sitt. Gud handlar så med sitt folk slik FOR SITT NAMN SKULD, og ikkje etter som dei har fortent. Når Gud gjer det, kan ingen hindra Gud i dette. Heretter skal jødefolket verta buande i Israel, fordi Gud har bestemt det. Det kan ingen makt i verda hindra Gud i.

15 Eg plantar dei atter i eiga jord; aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.
Amos 9.15.
Gud plantar sitt folk, jødefolket, atter i deira jord (Israelslandet). Gud står ved lovnadane sine, og difor kjem det aldri til og skje at palestina-arabarane og muslimane kan klara og kasta jødefolket på havet.

15 Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.
2. Kong. 19.15.
Dette vil ikkje rikene på jorda og folka i dei ta innover seg, fordi dei vil leva i sine synder. Det kjem til og straffa seg.

1 Eit domsord. Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket: 2 Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. 3 Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen. 4 Den dagen, lyder ordet frå Herren, vil eg slå alle hestane med vilske og ryttarane med vitløyse. Eg vil la augo mine vaka over Juda-ætta og slå alle hestane åt folka med blindskap. 5 Då skal hovdingane i Juda seia med seg sjølve: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, Herren, Allhærs Gud.» 6 Den dagen vil eg la hovdingane i Juda verta som ei glopanne i ein vedhaug og som ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda ut, til høgre og til venstre, alle folka rundt ikring. Men folket i Jerusalem skal framleis bu trygt i byen sin. 7 Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda. 8 Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei. 9 Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem. 10 Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen, og klaga sårt over han liksom ein held klage over den fyrstefødde.
Sak. 12.1-9.
Også denne profetien går i oppfylling framfor auga våre i dag. I vers 2 står det at Gud gjer Jerulsalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Dette skjer heile tida no. Heile verda har vendt si merksemd mot Jerusalem og Israel, og alle nasjonar føreheld seg til Israel. Media er der og spreiar ut løgner i hopetal, og folket trur på løgnene. Det er det mange andre som gjer også. Berre som eit døme, så var det jo norske legar på Gazastripa i fjor som var der for og driva med medisinsk hjelp. Det har kome for dagen at legane hadde ein agenda for og vera der, for og spreia løgner om Israel og jødane. Dette lukkast dei med også, men heldigvis let ikkje alle seg lura. Gud held dom over og gjer opp med løgnarane når Hans tid er inne. Han gjer også opp med dei som trudde løgnene, og vende seg bort frå Gud og jødefolket i hat.

9 Lat hærropet lyda, de folk! Like fullt skal de skjelva av redsle. Lyd etter, alle land langt borte! Bu dykk til strid, de skal verta forfærde, ja, bu dykk, de skal verta forfærde! 10 Legg ein plan, han skal verta til inkjes! Tal eit ord, det skal ikkje slå til! For Gud er med oss.
Jes. 8.9-10.
Gud er med sitt folk. Då kan ingen lukkast med og hærta Israelslandet. Det har me sett tydeleg heilt sidan Israel vart gjenoppretta i 1948, og slik vil det vera i framtida også. Gud held sine lovnader for sitt eigedomsfolk, jødane, og for landet sitt, Israel. Det kan me stola på.

Jødane kan med stort frimot ta heile Judea og Samaria i bruk, men det viser seg at dei ikkje tør det fullt ut. Eg har høyrt at det er jødar som har flytta attende til Israel, som angrar på at dei gjorde det, og flytta i frå eit roleg og trygt tilvære i landet dei flytta i frå. Tenk det, at dei skal føla seg så utilpass i landet sitt, Israel, som det. Det er svært alvorleg og direkte tragisk. At situasjonen for eindel jødar i Israel er så uhaldbar at dei ynskjer seg bort frå landet som er deira fedrearv, som Gud har bestemt for dei, fortel meg mykje om det umenneskelege presset verdssamfunnet har trykt jødane ned med, saman med sine krigshissande arabiske naboar som lever ut sin religiøse fanatisme. Gud får mykje og straffa, og dommen vert hard for dei som rører ved Guds eigedomsfolk, jødane og Israelslandet.

Dette er ei samling med skriftstader frå Bibelen, som eg fekk innsyn i på eit møte nyleg. Ein stor takk til Gro Wenske i sjømannskyrkja i Haifa i Israel som fortalde om jødane sitt eigedomsforhold til Israel, og som vidte til ei lang rekkje skriftstader i Bibelen som underbyggjer dette. Dette lærte eg mykje av. Av alle dokument er Bibelen, Guds Ord, det viktigaste dokumentet på at Israel høyrer til jødefolket, og at andre folkeslag ikkje har noko krav i Israelslandet, men at dei rett og slett skal fjernast der ifrå. Gud vakar over sitt ord, og gav sine profetar og skriva ned det som skulle skje i vår tid i Israel. Gud står ved lovnadane sine og oppfyller sitt eige ord, og det er heile Bibelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar