torsdag 18. februar 2010

Menneskesonen kjem når dei kristne har sovna og mange lampar har slokna.

1 Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. 2 Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. 3 Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: 'Brudgomen kjem! Gå og møt han!' 7 Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine. 8 Og dei uforstandige sa til dei kloke: 'Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.' 9 'Nei,' svara dei kloke, 'vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.'
10 Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa: 'Herre, herre, lat opp for oss!' 12 Men han svara: 'Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.'
13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Matt. 25.1-13.

Me lever i ei fråfallstid, der mange kristne fell ifrå trua på Jesus. Samstundes med det vaknar eindel kristne opp, og nokre menigheiter vaknar opp og får Den Heilage Ande som reinsar og utrustar. Det dryger før Menneskesonen kjem, og dermed sovnar alle. Korleis kan det gå til? At alle sovnar er eit resultat av at Menneskesonen sitt kome let venta på seg. Kristne har venta på Jesus i snart 2000 år no. Dessutan skal mange profetiar i Bibelen, Guds Ord, gå i oppfylling. No er me inne i ei tid der profetiane er i ferd med og verta oppfyllt. Guds eigedomsfolk, jødane, har fått delar av Israelslandet sitt att, som det vart føresagt, og om ei tid skal dei få att heile landet sitt. Misjonsoppdraget er i ferd med og verta fullført, der evangeliet skal ut til alle folkeslag i heile verda, og dette har kome lenger enn me trur. Over store delar av verda er fråfallet i full gang, og menneske vender seg bort frå Jesus i flokk og følgje, medan andre nektar og tru på Jesus fordi dei vil leva i sine synder. Menneskeheita vert raskt meir ugudleg i vår tid, og synden bryt seg inn i lovverk og styresett, også i det som til no er kalla for kristne land. Store delar av verda er mette av velstand, og sjølv dei kristne anar fred og ingen fare. Me som er kristne i rike delar av verda har gått i mot Guds Ord, og har skikka oss lik verda. Me kristne lever som alle andre, som både drapsmenn og horkarar, som løgnarar og likesæle. Me kristne synder med vellyst og forsvarar syndene, sjølv om me kallar oss kristne. Me kristne har også for lite himmellengt, og dei færraste av oss ventar på Jesus i vår tid, og gleder oss til Han kjem. Og det i ei tid der tida for Jesu kome er nærare enn nokon gong.

Det har vorte som i Noa og Lot sine dagar, for slik skal det vera når Menneskesonen kjem.
37 Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.
42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom herren i huset visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset. 44 Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
Matt. 24.37-44.

I andre delar av verda opplever dei kristne stor trengsel og forfølgjing. Der er det mykje meir ånd og liv blant dei kristne, og det er mykje meir himmellengt og varme blant dei kristne. Må også dei forfølgde sovna først før Menneskesonen kan koma? Og kva med dei vakne kristne i vår rike del av verda der det enn så lenge er lett og leva som kristne, sidan me skikkar oss lik denne verda? Det er faktisk ikkje noko motsetningsforhold mellom det faktum at alle kristne sovnar, og det faktum at det finns kristne som vakar. Det eg fortel no kom til meg frå Herren ein kveld i januar, og eg forstod då at eg søv, eg også. Herren viste meg at no søv alle dei kristne, samstundes som at kristne vert forfølgt, at kristne kjem i syndenaud og vert reinsa i Jesu blod, at menigheiter får Den Heilage Ande så dei vert reinsa og utrusta, at Gud vekkjer den enkelte opp så dei vert frelst, osv. I dag søv alle dei kristne. Det er som i Noa og Lot sine dagar, og profetiane er i ferd med og verta oppfyllt. Dei kristne veit ikkje at me er komen så langt inn i endetida at Jesu kome står for døra kva tid som helst. Det har drygd før Menneskesonen kjem, men i dag har kristne sovna utan og vita det, og dei veit ikkje at tida er inne i nærare framtid enn me trur.

Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?» Kanskje ikkje så rart at dette spørsmålet er stilt når dei kristne har sovna.
Luk. 18.8.

8 Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset! 9 For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning. 10 Prøv då kva som er til glede for Herren! 11 Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller. 12 Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna. 13 Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det, 14 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:
Vakna, du som søv,
stå opp frå dei døde,
og Kristus skal lysa for deg.
15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, 16 så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje.
Ef. 5.12-17.
Vers 14 er sagt til dei kristne. Me skal vaka, og me skal be, men tross det søv me. Når Menneskesonen kjem lyder dei same orda. Dei døde skal stå opp, og dei står opp først og går til Himmelen. Dei kristne som lever søv, og dei vert vekte og stig opp til Himmelen saman med dei som døydde i trua på Herren. Kristus lyser for dei, ikkje berre på livets veg, men den dagen på vegen inn i Himmelen. Slik vert det når menigheita skal bortrykkjast. Den dagen er framskunda, og er nærare enn nokon anar. Ingen veit dagen eller timen, men dei kristne har sovna, og det er då Jesus kjem.

Så skjer det som står nemnt i Matt. 25.6. Men midt på natta høyrdest eit rop: 'Brudgomen kjem! Gå og møt han!' Kor kjem så dette ropet frå? Som kjent søv jo jomfruene, som ofte vert omtala om dei kristne. Er alle kristne blant jomfruene som søv? Det er nokon kristne som ikkje er jomfruer, og om dei er få eller mange veit ingen. Jomfruene er ein del av menigheita, og ikkje heile menigheita. Når brudgommen kjem for og møta bruden (menigheita) går det føre Han ein herold som ropar ut at brudgommen kjem, så dei må gå og møta Han. Kven er så den herolden? Det er ein liten rest kristne som lever så nært Jesus at dei ikkje kunne sovna. Det er dei få kristne i endetida som lever i eit så tett avhengigheitsforhold til Jesus at dei ikkje sovna saman med jomfruene. Det er dei som forkynner til dei kristne at dei må gjera seg klare til at Jesus kjem att når som helst, i vår endetid då det vert forkynt fred og ingen fare. Det er mange som forkynner at det er lenge til Jesus kjem att endå, men det er ikkje tilfelle. Legg også merke til at mange kristne reagerer på dei som seier at Jesus kjem att i nær framtid, fordi dei i si makelege velstand og somme i si lunkenheit vil sova i fred. Herolden står på muren og følgjer med, og er den første som ser at brudgommen kjem brudgommen i møte. Då ropar herolden ut om at brudgommen kjem. Så vaknar jomfruene, men det er for seint for jomfruene som er tomme for olje på lampene. Medan dei gjekk til kjøpmannen etter olje kom brudgommen. Deretter kom dei 5 jomfruene som var utan olje då ropet lydde attende til ei stengd dør. Dei dundra på døra og ropte at dei gjeorde teikn og under i Jesus namn, og dei dreiv ut vonde ånder, og meir til. Då lydde det knusande svaret frå Jesus. 'Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.' At ein har olje på lampa si, dvs. at ein har Den Heilage Ande, er ein føresetnad som ein må passa på så lenge ein lever, sjølv om ein er blant dei sovande. Så er det viktig at kristne vakar, så det er ein herold klar som kan ropa ut om at brudgommen kjem. Er det mange kristne som gjer det i dag, eigentleg? Det er nokon, men dei ser ikkje ut til og vera mange. Men bruden Jesus skal henta er stor. Først skal dei døde stå opp, og saman med dei dei som endå lever skal alle stiga opp til Himmelens herlegdom. Då vaknar også jomfruene med olje på lampene og stig opp til Himmelen, men jomfruene utan olje vert att på jorda.

Og det vert ein underleg dag. Medan noko dreg til himmelen, vert dei andre verande att på jorda. Midt i eit kristent møte er t.d. halve forsamlinga borte. I heimane er delar av familane borte, på arbeidsplassane forsvinn nokre av arbeidarane med uante konsekvensar. Båtar går på grunn, tog kolliderer, bussar styrtar utfor vegane, flya styrtar, og meir til, fordi førarane vart borte og henta opp til Himmelens herlegdom, medan katastrofane skjer på jorda som følgje av dette. Den som held stigen og held i tauet forsvinn, og folka som er att ramlar til jorda. Dei som vert att og forstår kva som har skjedd ropar ut si fortviling i tårer og skrik. Det er for seint. Jesus har kome att.

Korleis kan me vera klare for Jesu kome, når me søv? Ta tilflukt til Jesus, les frå Guds Ord og lev for Jesus i teneste for Han, la Den Heilage Ande få overbevisa deg om synd så Jesus får reinsa hjartet ditt og venda det til Herren. Ha di sak i orden med Gud. Den Heilage Ande syt då for påfyll av olje på lampane, slik at dei ikkje kan slokna. Stakkars dei som opplever at lampane deira sloknar, for Jesus kjenner dei ikkje. Dei har ikkje teke sin tilflukt til Jesus og har ikkje gjeve Den Heilage Ande rett i overbevisninga av synd. Når brudgomen kjem er det for seint og be om påfyll av olje til lampane. Dette må gjerast medan det endå er tid, noko det snart ikkje er lenger. Medan dei som har brennande lampar er bruden som møter brudgommen som kjem, vert dei med dei slokna lampane att på jorda utan von for evigheita. Dette er alvorleg. Gå ut og forkynn dette til menigheitene og folket, og forman kvarandre til omvending til Jesus.

Notert etter ei oppleving av at Herren kom til meg den kvelden i januar 2010, og fortalde at denne bodskapen må formidlast vidare. Mangel på frimodigheit er grunnen til at dette har late venta på seg, men i mellomtida har nokre skriftstader kome til meg som kunne knytast til dette. Gå ut og fortel at me kristne har sovna, og det utan at me veit det, same kor aktive me er som kristne. Me ventar jo ikkje lenger på Jesus, fordi me nyter våre jordiske liv i vår velstand mange stader. Det betyr at Jesus kome er nærare enn me trur, og kan verta framskunda. Profetiane og Guds Ord går i oppfylling slik det står i Skriftene.

Herolden vakar, for han er til einkvar tid klar til og sjå at Jesus kjem. Ver ikkje som jomfruene som søv, for i dag søv alle dei kristne, med unntak av den siste rest som lever aller nærast Jesus. Tru ikkje at det er lenge til Jesus kjem, for Han kjem snart. Ta din tilflukt til Jesus, og forlat aldri Jesu tilflukt meir. Ver heile tida hjå Jesus. Og de er blant dei som er herolden som skal ropa ut.

Matt. 25.13. Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar