søndag 7. februar 2010

Og brikkene fell på plass.................................

Det er faktisk profetert om ei nært føreståande rystelse som verda skal oppleva fysisk. Dagen nærmar seg for at jorda skal rystast og skjelva. For tida står jorda geologisk i heilspenn, og i jordskjelvsonene knakar det hardare enn nokosinne i vår menneskelege tidsalder. Me høyrer om hyppigare vulkanutbrot, og ikkje minst hyppigare og stadig kraftigare jordskjelv, stadig oftare med altutslettande tsunamiar som følgje. Ikkje berre jorda ryster. Også vår atmosfære ryster meir, og då tenkjer eg på forverringa i vêrsituasjonen, utan at eg skal meina noko som helst om klimaendringane og grunnane til dei. Det veit åleine Gud, som har skapt alt saman. Me får meir kraftig regn (jfr. Fillipinane i haust), me får meir turke (og svoltkatastrofar i Afrika pga. uteblitt eller forseinka regntid), meir uvêrsleg vind (orkanar), m.m. Så har me også rysting mellom menneska. Her tenkjer eg på klimahysteriet, svineinfluensa-hysteriet, finanskrisa, m.m. Mist opp i alt som hender føregår det store fråfallet blant dei kristne, ei form for rysting det også. Så er også hedningane si tid straks omme, og tida er komen til Guds folk, jødane. I vår samtid ser me kor mykje alt dette tiltek, og snart vert me vitne til tidenes største jordiske rystelse.

I California ventar dei på tidenes største jordskjelv-katastrofe når som helst. Spenningane i San Andreas-forkastninga er sterkare enn nokosinne, og etter nokre år med tiltakande rystingar der borte er området no inne i den stille tida før stormen bryt laus. Eg kan nemna at samanhengen mellom det som buggjer seg opp i California og det som eg skriv vidare nedover her har stått klart for meg i fleire år no, men eg har merka meg ein bestemt skilnad dei siste par åra, nemleg at det no har vorte stille før stormen der borte. Rystelsar skjer, men i eit mindre omfang no. Når eit jordskjelv er nært føreståande talar naturen om at katastrofen skal skje. Korleis, tenkjer de gjerne. Då vert dyra ramma av ein tilstand av frykt. Dyra går i skjul, endrar åtferd, fuglesangen stilnar av, fiskane i havet dreg på flukt, m.m. Når me ser desse tinga veit me at no er tida for rystelsen av jorda komen. Og me som ser det dette har fått beskjed om og fortelja om dette. Nokon har fortalt dette før også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar